Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA

Velg språk

Norwegian Dutch English French German

Del dette med andre

Vi er på Facebook

Facebook Image
Tor Henning Sveen

Tor Henning Sveen, hatt læretid på Vianvang

Namn
Tor Henning Sveen    

Fødd
24.07.1990

Kjem frå
Vågå

Fylke
Oppland


Starta som lærling
28. juni 2008 

 

Lærebedrift
Vianvang

 

Kokk
juni 2010

 

Arbeidsstad etter ferdig utdanning:
2010 - 2012 Vianvang

Kvifor valgte du Opplæringskontoret Brimi-Kjøken?
Eg valde Opplæringskontoret Brimi-Kjøken fordi eg var utplassert på Vianvang det siste året på skulen, og Arne oppfordra meg til å søkje. Ein av hovedgrunnane til at eg søkte var at bedriftene ligg i nærmiljøet mitt, noko eg set stor pris på. Eg hadde kjennskap til bedriftene på førehand, noko som gjorde at eg vart meir nysgjerrig på dei og det dei dreiv med, og ynskjer å få meir konkret kunnskap. 

Erfaringar så langt?
Så langt har eg berre gode erfaringar. Eg er så heldig at eg er lærling på Vianvang, der eg får kyndig rettleiing og nye utfordringar, etter kvart som det går fremover

Kva tykkjer du om lærlingetida som består av både fagleg kunnskap og opplevingar?
Eg set stor pris på at vi har faglege samlingar med emner som vi arbeider med konkret over ein eller fleire dagar. Dette gjer at alle får sjansen til å prøve, og lære, det same. Vi har hatt sterkt fokus på samhald og det å bli kjende med kvarandre det første halvåret, mellom anna har vi vore på tur over Besseggen, småviltjakt på Haugseter og på topptur til Galdhøpiggen. Dette er med og gjev oss utfordringar, ikkje bare på det matfaglege plan men og på det meire fysiske. Turane vi har vore på har og gjort at vi har fått bedre kjennskap til nærområda våre, og kva slags kvalitetar dei har å by på til oss, og gjestane som vi skal yte sørvis til.

Vil du anbefale Opplæringskontoret Brimi-Kjøken til framtidige lærlingar?
Ja, viss dette er utfordringar som dei søker.

 

 
 
Joomla 1.5 Templates by Joomlashack