|
Namn Joakim Moberg Wiborg
Fødd 14.07.1990
Kjem frå Sogndal
Fylke Sogn og Fjordane
Starta som lærling 28. juni 2008
Lærebedrift Gjendesheim Turisthytte DNT
Kokk Juli 2010
Arbeidsstad etter endt utdanning 2010: Gjendesheim Turisthytte
Kvifor valgte du Opplæringskontoret Brimi-Kjøken? Det høyrtes ut som ein fantastisk opplevelse, å få lov til og oppleve noko ikkje alle andre lærlingar i dette landet får oppleve i sin læreperiode. I Opplæringskontoret Brimi-Kjøken får vi oppleve fjellturar, jakt, skiturar og masse moro. Dette var fristande for meg. Samstundes var moglegheita til bli med i dette systemet ein drøm. Å få lære om matfilosofien til sjølvaste Arne Brimi er heilt utruleg.
Dette hadde eg lyst til å vere ein del av, ei sjanse eg aldri ville få att.... Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart eit klårt fyrsteval for meg. Her har vi eit godt system og alle jobber så godt saman om å få det til og bli så bra som mogleg.
Eg vil anbefale dette til alle. Får du sjansen - hiv deg med! Dette vil du aldri angre eit sekund på.
Erfaringar så langt? Erfaringane så langt har vore fantastiske. Eg har fått utruleg mykje kunnskap desse to åra som snart har gått. Dette er kunnskap ikke alle er så heldige å tileigne seg i si periode som lærling. Eg har vore så heldig og fått vore med og arbeidd på Vianvang med Arne Brimi og dei andre utruleg flinke kokkane der. På Gjendesheim Turisthytte laga eg lokal mat, på Hjelmeland Spa Hotel lærte eg om sjømat. I tillegg har eg og fått gode opplevingar og kunnskap gjennom utplassering hjå D/S Louise på Aker Brygge og hjå Kulinarisk Akademi.I Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har vi laga alt får mat ute i naturen til "landslags"mat - heilt utruleg!
Det at vi som lærlingar i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har fått moglegheit til å vere med i kokkekonkurransen for lærlingar på Hamar hausten 2009, var veldig lærerikt. Eg lærte utruleg mykje om korleis det er å stå og laga mat for dommarar, foran eit publikum. Kjempespennande! Av ulike grunnar vart min medkokk på laget forhindra frå å delta - eg vart åleine, medan dei andre laga var 2. Det var fantastisk moro og vise kva ein er god for!
Vi har hatt mange flotte opplevingar sosialt som fagleg. Eg angrar ikkje eit sekund!
Kva tykkjer du om lærlingetida som består av både fagleg kunnskap og opplevingar? Som tidlegare nemnt er dette berre heilt fantastisk. Det å få lov til å jobbe i fjellet og bruke ressursane som finst i nærområdet er utruleg kunnskapsrikt. Det vart fort eit godt band mellom alle lærlingane, og etter kvat som alle fikk sertifikatet, vart det enklare og treffast rundt om i Jotunheimen. Vi har hatt mykje moro saman, det er godt å kome seg ut av kjøkenet innimellom. Vi har mellom anna gått fjellturar i lag og vore på bowling. Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har hatt mange gode faglege kurs og sosiale turar for oss.
Desse to åra vil eg alltid sjå tilbake på og tenke at dette har vore ei fantastisk oppleving! Det har vore så godt samspel med alle i systemet Brimi-Kjøken.
Vil du anbefale Opplæringskontoret Brimi-Kjøken til framtidige lærlingar? Så absolutt! Dette er ein sjanse du aldri får att. Dette vil du ikkje angre på. Opplæringskontoret Brimi-Kjøken må berre opplevast!
|