Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA

Velg språk

Norwegian Dutch English French German

Del dette med andre

Vi er på Facebook

Facebook Image
Fredrik Log

Fredrik Log, lærling på Haugseter Fjellstue

Namn
Fredrik Log

Fødd
03.12.1990

Kjem frå
Vats

Fylke
Rogaland

Starta som lærling
1. august 2008

Lærebedrift
Haugseter Fjellstue

 

 

Kokk
Juli 2010

Arbeidsstad etter endt utdanning
2010: Haugseter Fjellstue

Kvifor valde du Opplæringskontoret Brimi-Kjøken?
Eg valde å søkje som lærling hjå Brimi-Kjøken, fordi eg synst det såg veldig spennande ut. Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har du moglegheit til å jobbe litt ulike stader og ikkje berre jobbe på ein stad i 2 år. Dette var og ein viktig grunn til at eg valde OBK. Her får du inspirasjon og idear frå fleire arbeidsplassar. Eg er i tillegg ein person som er veldig intressert i friluftsliv. Då var jo fjellheimen ein fin plass å tilbringe læretida si i.

Kva tykkjer du om lærlingetida som består av både fagleg kunnskap og opplevingar?
Eg synst læretida mi så langt har vore fantastisk. Her på Haugseter Fjellstue har eg fått mange erfaringar og opplevingar. Gjennom læretida mi har eg fått høve til å arbeide fleire plassar som har vore kjempepositivt, da føler eg at eg har fått meir inspirasjon og idear. Vi har og vore så heldige å få prøve oss i ein lærlingkonkurranse, noko som eg tykkjer var ei stor erfaring å ta med seg vidare.

I løpet av læretida i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har vi hatt mange kurs og prøver på Vianvang. Detter har vore utruleg lærerikt og nyttig. I løpet av desse 2 åra har vi også vore på fleire turar saman med ei andre lærlingene. Dette er utrolig sosialt. Vi har mellom anna gått Besseggen og vore til topps på Galdhøpiggen. Eg har også fått moglegheit til å lære om rakfisk, her på Haugseter Fjellstue, ved Vinstervatn og foten av Jotunheimen.

Vil du anbefale Opplæringskontoret Brimi-Kjøken til framtidige lærlingar?
Så absolutt!! Dette er ei moglegheit ikkje mange får. Du er lærling kun i 2 år, så Opplæringskonoret Brimi-Kjøken er ei unik moglegheit. Viss eg fikk velje på nytt, måtte det blitt 2 nye år hos Brimi-Kjøken.

 
 
Joomla 1.5 Templates by Joomlashack