Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA

Velg språk

Norwegian Dutch English French German

Del dette med andre

Vi er på Facebook

Facebook Image
Vedtekter

§ 1 Namn
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA, med forretningsadresse i Vågå kommune.

 

§ 2 Formål
Formålet er å gje utdanning i kokkefaget gjennom eit samarbeid mellom reiselivsbedrifter, utvikla i Arne Brimi sin matfilosofi.

 

§ 3 Andelsteikning
Teikningspris pr andel er kr 5 000. Denne skal innbetalast til Opplæringskontorets konto. Det kan teiknast kun ein andel pr andelseigar. Andelen kan ikkje overførast til andre. Andelseigar kan vera reiselivsbedrifter og relevante institusjonar i regionen. Bedrifter og institusjonar kan etter søknad bli godkjent som andelseigar av styret. Utmelding må skje skriftleg med minst 6 månaders varsel. Inngåtte lærekontrakter må oppfyllast eller overførast til andre, før utmelding kan realiserast. Utmeldte andelseigarar har kun krav på å få tilbakebetalt innbetalt andelskapital. Dersom andelskapitalen heilt eller delvis er tapt, blir det utbetalt i samsvar med siste års regnskap.

 

§ 4 Økonomi
Offentleg lærlingtilskot utgjer kontoret si hovudinntekt. Tilleggsinntekter kan vera andre offentlege tilskot frå kommuner, fylke og departement. Ved evt overskot kan styret vedta at midlar blir tilbakeført til medlemsbedrifter som har hatt lærling i året da overskotet er opparbeidd. Opplæringskontoret sitt regnskap skal reviderast av registrert revisor. Dei bedriftene som får lærling må betale ei serviceavgift pr lærling, storleik fastsett på årsmøte.

 

§ 5 Årsmøtet
Årsmøtet er det høgste organet for Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Ordinært årsmøte blir halde innan utgangen av april. Årsmøtet skal primært haldast i den kommunen der føretaket har forretningskontor. Årsmøtet kan også haldast hjå andelseigarar utanom kommunen. Skriftleg innkalling med sakliste, årsberetning og regnskap skal utsendast 14 dagar før årsmøtedato. Representant frå yrkesopplæringsnemnda kan innkallast til årsmøtet, med observatørstatus.

Agenda for årsmøte:
1 – Valg av møteleder
2 – Godkjenning av innkalling og sakliste
3 – Valg av referent
4 – Valg av to til å skrive under protokollen
5 – Godkjenning av fullmakter
6 – Vedta  årsberetning
7 – Vedta regnskap
8 – Bestemme bruk av overskot, evt dekning av underskot
9 – Vedta budsjett
10 – Andre saker
11 – Valg

 

Styret består av 5 styremedlemmar, med vara.
Styremedlemane har funksjonstid på 2 år.
Styremedlemmar kan også hentast utanom andelseigarane.

- Styreleiar blir valgt av årsmøtet kvart år.
- Valg av fire styremedlemmar.
- Valg av 1 varamedlem, funksjonstid 2 år.

  Valgkomite, består av 3 medlemmar.

 Årsmøtet bestemmer rullering, slik at ein unngår full utskifting. Årsmøtet kan ikkje behandle andre saker enn dei som er nemnt i innkallinga. Saker som andelseigarane ynskjer behandla må vera styret i hende seinast 1. mars. Ein andel har ei stemme i årsmøtet. Ein andelseigar kan møte med fullmakt for andre andelseigarar. Det skal førast protokoll frå årsmøte.

 

§ 6 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst 20 % av andelseigarane krev det. Innkalling skal vera skriftleg med 14 dagars varsel.

 

§ 7 Vedtektsendring
Vedtak om endring av vedtekter blir gjort av årsmøtet, etter forslag frå styret. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal.

 

§ 8 Styret
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken blir leda av eit styre på 3 medlemmar. Ein representant frå den vidaregåande skulen i regionen har møterett, med tale- og forslagsrett. Styreleiar skal lede styremøta. Styret er vedtaksført med 3 tilstades, varamedlemmar godkjent på lik line med ordinært styremedlem.
Ved stemmelikheit har styreleiar dobbeltstemme. Styret tilset dagleg leiar. Det skal førast protokoll frå styremøter.

 

§ 9 Lærekontrakter
Lærekontrakt blir inngått mellom Opplæringskontor, lærling og bedrift. Opplærlingskontoret er ansvarleg for at lærlingen får opplæring i samsvar med læreplanen, og inngår avtale med kvar enkelt bedrift om læretid og innhald. Lærekontrakten kan opphevast av partane dersom dei er samde om dette, og etter at yrkesopplæringsnemnda er orientert skriftleg. Andre høve som kan føre til opphør av lærlingkontrakt skal behandlast i samsvar med gjeldande lov og forskrift for dette.

 

§ 10 Oppløysing
Andelslaget kan vedta oppløysing med 2/3 fleirtal i årsmøte. Ekstraordinært årsmøte kan gjera vedtak om oppløysing med simpelt fleirtal. Ved oppløysing av Opplæringskontoret Brimi- Kjøken skal eventuelle midlar fordelast etter det årsmøtet bestemmer, men i samråd med yrkesopplæringsnemnda.

 

§ 11 Tvister
Tvister vedr vedtektene blir framlagt for voldgiftsnemnd.

 

§ 12 Iverksetjing
Desse vedtektene er vedtatt på konstituerande møte den 3. april 2008, og gjeld frå same dato.

 
 


 
Joomla 1.5 Templates by Joomlashack