|
Målet med å opprette eit opplæringskontor er å skape attraktive lærlingplassar på bedriftene i området, og at vi i neste omgang skal sikre oss godt kvalifisert og engasjert kjøkenpersonale som samla sett er med og set oss på kartet også gastronomisk.
Vi vil legge til rette for at både lokal ungdom og ungdom frå andre delar av landet skal kunne utdanne seg med tanke på eit yrkesliv i regionen. Det er viktig å sikre nasjonal og lokal kunnskap innan kokkefaget for å profesjonalisere reiselivet. Dette vil også kunne føre til sesongforlenging og tryggare arbeidsplassar.
Etablering av eit opplæringskontor er eit viktig bidrag i samfunnsutviklinga i vårt område. Vi sit med mykje kompetanse, og får gjennom dette samarbeidet både foredla, og satt ting i system.
Arne Brimi og Vianvang har ein sentral plass i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Vianvang-kokken Per Ivar Berget, er fagleg leiar. Han fylgjer opp lærlingen og det faglege innhaldet, blant anna samlingar og kurs, som lærlingane skal gjennom i løpet av læretida. Lærlingane får høve til å arbeide saman med Arne Brimi på Vianvang ved ulike anledningar. I tillegg er Arne Brimi, Per Ivar Berget og representantar frå dei andre bedriftene tilgjengelege for lærlingane med faglege tips og råd. |