|
Noreg deltok for 23. gang på Grüne Woche i Berlin frå 15. - 24. januar 2010.
International Grüne Woche (IGW) er ein av verdas største mat -og landsbruksmesser, med 1500 utstillarar frå nesten 60 land og ca 450 000 besøkande, der meir enn 100.000 er representantar frå handel og industri. Meir enn 5000 besøkjande journalistar frå meir enn 71 land samla seg også her denne veka.
Som namnet indikerar er landbruk og mat sentrale tema på messa, kvar utstillarane presenterar sitt geografiske tilhøyre ved bruk av sin eigen regions mat og matkultur. Nærmare 50 norske tilbydarar innan mat, også fisk og reiseliv var representert på den norske standen gjennom 29 hovudutstillarar, både små og store bedrifter. Målet med deltakinga på Grüne Woche var å gjøre norsk mat, matkultur, kokkekunst og reiseliv kjend for det tyske marknad, og vise det viktige samspelet.
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken har delteke i samarbeid med Gudbrandsdalsmat, Jotunheimen Reiseliv og Nasjonalparkriket Reiseliv as..
Våre representantar på Grüne Woche:
- Fredrik Log
- Eirin Faber Næverdal
- Tom Gjerde
- Joakim Moberg Wiborg
- Tor Skeistrand
- Bjørg Aaseng Vole, vertinne på Gjendesheim Turisthytte - DNT
Lærlingane våre har fått oppleve ei veke med mange inntrykk og hardt arbeid. Dei har vore med og servert mat ved ei tilstelning i Den Norske Ambassaden og dei har delteke i den norske restauranten i messeområdet. Lærlingane har gjort ein strålande jobb som gode representantar for Opplæringskontoret, Gudbrandsdalen og Norge. Dei har tilberedt og seld smaksprøvar i stor stil gjennom heile veka!
Presseoppslag frå deltakinga på Grüne Woche:
|