|
Våre første kokkar: Berit Solem og Tor Henning Sveen |
|

Berit Solem og Tor Henning Sveen er dei to første lærlingane frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken som har gått opp til fagprøve i kokkefaget. Dei gjennomførte fagprøva 1. og 2. juni og bestod, melder ein stolt fagleg leiar Per Ivar Berget.
|
|
Les mer …
|
|
Har DU lyst til å gå Besseggen? og .. 
-
lære meir om rype
-
bli ein god kokk
-
bli ein god bakar
-
å oppleva det beste i Jotunheimen
-
rafte i Sjoa
-
bu i fjellet
-
ta del i tradisjonelt reiseliv
-
ta del i moderne reiseliv
-
delta på juving i Veo
-
å arbeide på forskjellige kjøken i læretida
Dersom svaret er ja - Vil du bli lærling hjå oss?
|
|
Les mer …
|
|
Pressemelding "Kokk og bakar i skjønn foreining" |
|
- Opplæringskontoret Brimi-Kjøken set pris på at Bakeriet i Lom er med som ny lærebedrift. Det betyr at vi kan tilby lærlingplass til ein bakarlærling i tillegg til kokkelærlingar frå i sommar, seier dagleg leiar Gry Helene Stavseng.
Måndag 8. mars vart det endeleg klart at Morten Schakenda og Bakeriet i Lom blir med som ny aktør i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA. Opplæringskontoret Brimi-Kjøken består no av 10 utviklingsorienterte bedrifter i Jotunheimen som ynskjer å skape attraktive lærlingplassar i bedriftene, og sikre godt kvalifisert og engasjert kjøkenpersonale som samla sett er med og set oss på kartet også gastronomisk, legg Stavseng til.
|
|
Les mer …
|
|
Noreg deltok for 23. gang på Grüne Woche i Berlin frå 15. - 24. januar 2010.
International Grüne Woche (IGW) er ein av verdas største mat -og landsbruksmesser, med 1500 utstillarar frå nesten 60 land og ca 450 000 besøkande, der meir enn 100.000 er representantar frå handel og industri. Meir enn 5000 besøkjande journalistar frå meir enn 71 land samla seg også her denne veka.
Som namnet indikerar er landbruk og mat sentrale tema på messa, kvar utstillarane presenterar sitt geografiske tilhøyre ved bruk av sin eigen regions mat og matkultur. Nærmare 50 norske tilbydarar innan mat, også fisk og reiseliv var representert på den norske standen gjennom 29 hovudutstillarar, både små og store bedrifter. Målet med deltakinga på Grüne Woche var å gjøre norsk mat, matkultur, kokkekunst og reiseliv kjend for det tyske marknad, og vise det viktige samspelet.
|
|
Les mer …
|
|
2., 3. og 4 plass til lærlingane våre |
|
Onsdag 14. oktober deltok 3 lærlingelag fra Opplæringskontoret Brimi-Kjøken i kokkekonkurransen for lærlingar på Storhusholdningsmessa på Hamar. Hvert lag besto av 2 lærlinger samt 1 lagleiar på kvart lag. Kokkekonkurransen var uttak til NorgesCup for kokkelærlingar i hotell/restaurant, og vinnarane representerer Hedmark/Oppland i denne konkurransen. Sølvvinnarane er reserve for vinnerlaget til NorgesCupen i Stavanger i februar 2010. Laget frå Paa Bordet, Lillehammer vant.
Deltakerne tilberedte og serverte: Forrett: Rakørret Hovudrett: Lammefrikassé Dessert: Eple/honning
Laga frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken:
2. plass: Tor Henning Sveen Camilla Gundersen Lagleiar: Dan Robin Leirvåg
3. plass: Fredrik Log Berit Solem Lagleiar: Per Ivar Berget
4. plass: Joakim Moberg Wiborg (Eirin Faber Næverdal vart forhindra frå å delta) Lagleiar: Tor Ivar Furuset
Vi er stolte av lærlingane våre og presetasjonen dei har gjort og gratulerer med flotte plasseringar!

|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 Neste > Siste >>
|
|
Side 2 av 2 |