|
3 nye kokkar: Camilla Gundersen, Fredrik Log og Joakim Moberg Wiborg |
|

Camilla Gundersen, Fredrik Log og Joakim Moberg Wiborg er dei tre neste lærlingane frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken som har gått opp til fagprøve i kokkefaget. Dei gjennomførte fagprøva 5. og 6. juli og bestod. Dette betyr at alle 5 frå det første lærlingkullet no har blitt kokkar, melder ein stolt fagleg leiar Per Ivar Berget.
Vi gratulerer Camilla, som har gått læretida si på Hindsæter Fjellhotell, Fredrik som har vore lærling på Haugseter Fjellstue og Joakim som har vore lærling på Gjendesheim med fagbrev som kokk, og ynskjer dei lukke til. |