og
har i sommar signert avtalar som våre samarbeidspartnarar, til beste for både lærlingar og bedrifter.
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er svært glade for dette, og ser fram til eit godt og utviklande samarbeid. |
|
|
Informasjonsfolderen er klar |
|

Nå er informasjonsfolderen for Opplæringskontoret Brimi-Kjøken på plass. Folderen blir å finne på alle bedriftene som er knytt til opplæringskontoret. Du kan også laste han ned her.
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er eit samarbeid mellom bedriftene Bakeriet i Lom, Besseggen Fjellpark Maurvangen, Bessheim Fjellstue, Brimi Fjellstugu, Gjendesheim Turisthytte DNT, Haugseter Fjellstue, Hindsæter Fjellhotell, Lemonsjø Fjellstue & Hyttegrend, Raubergstulen og Vianvang.
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er basert på den norske meisterkokken Arne Brimi sin matfilosofi.
|
|
Les mer …
|
|
3 nye kokkar: Camilla Gundersen, Fredrik Log og Joakim Moberg Wiborg |
|

Camilla Gundersen, Fredrik Log og Joakim Moberg Wiborg er dei tre neste lærlingane frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken som har gått opp til fagprøve i kokkefaget. Dei gjennomførte fagprøva 5. og 6. juli og bestod. Dette betyr at alle 5 frå det første lærlingkullet no har blitt kokkar, melder ein stolt fagleg leiar Per Ivar Berget.
|
|
Les mer …
|
|
29. juni 2010 var det sommarsamling på Vianvang for alle lærlingane og bedriftene i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken.
Lærlingane er fordelt på tre kull, fem gjennomfører fagprøva og er dermed ferdig med læretida i desse dagar, fire lærlingar startar på andre året, og Stine og Espen starta læretida si med denne samlinga. Ein flott gjeng som vi er stolte av!
Alle 11 lærlingane var på plass, i tillegg var også bedriftene som har lærlingar, og foreldre til dei to nye lærlingane tilstades på Vianvang denne flotte dagen.
Du kan sjå fleire bilder frå samlinga på Sommarsamling 2010.
Presseoppslag:
Avisa Valdres, 5. juli 2010 (pdf - 365 kB) - Brimi-lærlingar skal mette turistmager GD, 1. juli 2010 (pdf 2,2 MB) - Gullet for framtida Fjuken, 1. juli 2010 (pdf - 2 MB) - Lærlingane samla GDnett, 30. juni 2010 (pdf -142 kB ) - Historisk mange kokkelærlingar
|
|
Våre første kokkar: Berit Solem og Tor Henning Sveen |
|

Berit Solem og Tor Henning Sveen er dei to første lærlingane frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken som har gått opp til fagprøve i kokkefaget. Dei gjennomførte fagprøva 1. og 2. juni og bestod, melder ein stolt fagleg leiar Per Ivar Berget.
|
|
Les mer …
|
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 2 |