|
Tirsdag 8 september 2010 var det tur over Besseggen for lærlingane i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Det er viktig at lærlingane får oppleve naturen og moglegheitene som finst i Jotunheimen i tillegg til den faglege kunnskapen dei tileignar seg i løpet av åra som lærling. Tur over Besseggen er eit fast innslag i løpet av den 2 års perioden lærlingane er i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Det er også andre turar og aktivitetar, les meir om dette i årshjulet.
Tom Gjerde, Tor Skeistrand, Eirin Faber Næverdal og Stine Ødegaard var med over Besseggen denne flotte haustdagen. Lærlingane hadde med smaksprøver og
serverte suppe, spekepøse, kringle og sjokoladekake undervegs, seier turleiar Bjørg Aaseng Vole. Roar Vole var og med som turleiar.
Vi vonar turen til Galdhøpiggen, måndag 13. september blir ein tur i like fint vær! |