Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA

Nyheitsbrev

Meld deg på nyheitsbrev frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken
Please register to the site before you can sign for a list.
No account yet? Register

Del dette med andre

Vi er på Facebook

Facebook Image
Framside
Pressemelding "Kokk og bakar i skjønn foreining"

- Opplæringskontoret Brimi-Kjøken set pris på at Bakeriet i Lom er med som ny lærebedrift. Det betyr at vi kan tilby lærlingplass til ein bakarlærling i tillegg til kokkelærlingar frå i sommar, seier dagleg leiar Gry Helene Stavseng.

Måndag  8. mars vart det endeleg klart at Morten Schakenda og Bakeriet i Lom blir med som ny aktør i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken SA. Opplæringskontoret Brimi-Kjøken består no av 10 utviklings­orienterte bedrifter i Jotunheimen som ynskjer å skape attraktive lærlingplassar i bedriftene, og sikre godt kvalifisert og engasjert kjøkenpersonale som samla sett er med og set oss på kartet også gastronomisk, legg Stavseng til.

utdanning i kokke- og bakarfaget gjennom eit samarbeid mellom reiselivsbedriftene. Pr i dag har vi 9 lærlingar fordelt på dei ulike bedriftene.

Med bakgrunn i Arne Brimi sin matfilosofi skal vi gje utdanning i kokke- og bakarfaget gjennom eit samarbeid mellom reiselivsbedriftene. Pr i dag har vi 9 lærlingar fordelt på dei ulike bedriftene.

 

- Det er kjekt å få vere ein del av eit slikt fagleg kollegium som det Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er. Her får vi høve til å utveksle kunnskap, erfaringar, matfag og arbeidskraft. Lærlingane får ei allsidig erfaring fagleg sett og får prøve seg i fleire verksemder med ulike utfordringar gjennom læretida, seier Morten Schakenda ved Bakeriet i Lom. Schakenda legg stor vekt på viktigheita av samarbeid. - Saman blir vi betre, vi spelar kvarandre gode, fortset han.

 

Aktive lærlingar

Opplæringskontoret ynskjer at lærlingane skal bli kjende med området dei er i, i tillegg til det faglege. Det er viktig med god lokalkunnskap og kunnskap om ulike tilbod i området. Lærlingane skal gjennom læretida gå Besseggen og Galdhøpiggen, rafte i Sjoa, klatre i Brimiskogen, vere med på jakt og fiske og oppleve juving.  - Det er viktig med lokalkunnskap om naturen og kulturen i tillegg til maten, fortset Stavseng. 

 

I samband med at vi nå har fått med Bakeriet i Lom i vårt nettverk søkjer Opplæringskontoret Brimi-Kjøken etter bakarlærling. Ytterlegare informasjon fins på www.brimikjoken.no.

 

For meir informasjon kontakt:

 

OPPLÆRINGSKONTORET BRIMI-KJØKEN

Daglig leiar Gry Helene Stavseng
Vågå Næringshage, 2680 Vågå

Tlf.: +47 91 77 85 45

E-post.: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

www.brimikjoken.no

 

 

 
 
Joomla 1.5 Templates by Joomlashack