Har DU lyst til å gå Besseggen? og ..
-
lære meir om rype
-
bli ein god kokk
-
bli ein god bakar
-
å oppleva det beste i Jotunheimen
-
rafte i Sjoa
-
bu i fjellet
-
ta del i tradisjonelt reiseliv
-
ta del i moderne reiseliv
-
delta på juving i Veo
-
å arbeide på forskjellige kjøken i læretida
- å lære meir om einebær
-
å kome på fire 2000meters toppar
-
å fiske i fjellet
-
gå på småviltjakt
-
delta i Norgescupen
-
klatre i Brimiskogen
-
lære meir om bålmat
-
lære om Naturens Kjøken
Dersom svaret er ja - Vil du bli lærling hjå oss?
Arne Brimi og Vianvang har ein sentral plass i Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Vianvang-kokken Per Ivar Berget, er fagleg leiar. Han fylgjer opp lærlingen og det faglege innhaldet, blant anna samlingar og kurs, som lærlingane skal gjennom i løpet av læretida. Lærlingane får høve til å arbeide saman med Arne Brimi på Vianvang ved ulike anledningar. I tillegg er Arne Brimi, Per Ivar Berget, Morten Schakenda og representantar frå dei andre bedriftene tilgjengelege for lærlingane med faglege tips og råd.
Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor vi skal velge akkurat deg.
Legg gjerne ved ei prioritert liste over kva bedrift du ynskjer å vere lærling i.
Søknadsfrist:
Neste opptak gjeld bakar og kokkelærlingar frå sommaren 2011.
|